Det første synspunktet han kjem med er at sidan landet no er fritt og sjølvstendig, må me bruke eit sjølvstendig og nasjonalt språk, då dette er eit av dei fremste kjennemerka på ein nasjon.
Han uttaler seg også om at det ville vera lettare å tilgi oss for å mot det svenske språket enn det danske. Aasen slår fast at me uansett ikkje treng å søkje ut over landegrensene etter eit språk. Først burde me leite i våre eigne gløymsler og sjå til kva me sjølv eigde før me byrja å låne av andre.
Aasen speler på følelsane til lesaren då han fortel korleis språket vårt blei krenkt og gjort til latter i håp om å få "rense språket". Han stiller oss då spørsmålet: "Skal vi då, tenkte eg, gi slepp på denne verdfulle skatten frå fortida, som forfedrane våre gjennom all sin motgang truleg har teke vare på og overlevert til oss som ein heilag arv?" Ved å tilsette mye av disse "flotte" ordene overdriver Aasen kanskje også denne påstanden sterkt.
Å innvende ein språkreformasjon vil kunne ta til og med heile århundre å gjennomføre. Sidan Norge blei gjort fritt og sjølvstendig sjølv, og som enno har holdt på det "rette" folkemålet, meine Aasen at dette ikkje kan gjelde vårt land. Det er viktig at språket formast slik at alle innfødde forstår det, understreker han. Ein burde dermed unngå alle ord og vendingar som berre blir nytta somme stader i landet.
Aasen argumenterer mot påstanden om at språket vårt vil bli for simpelt og enkelt. Han meiner at me alle først og fremst ønsker eit språk som alle kan ta del i utan vanskar. I tillegg rådar han oss til å leggje fordammane til side og ikkje skjemmast av å bruke vårt eige talemål.

Kjelder:
http://www.aasentunet.no/filestore/Ivar_Aasen-tunet/Ivar_Aasen/Dikt_og_verk/Sentrale_verk/647F60E05F51498793A5E79EAE72EDB5.pdf
https://www.google.no/search?q=ivar+aasen&biw=1821&bih=889&source=lnms&tbm=isch&sa=X&ei=gn3HVMmcDe-U7QbdtYDgBQ&sqi=2&ved=0CAYQ_AUoAQ&dpr=0.75#imgdii=_&imgrc=rOd8q5vAHZlXFM%253A%3B-n9YI2-E8pE-SM%3Bhttp%253A%252F%252Fgodtiglasset.files.wordpress.com%252F2012%252F05%252F454659.jpeg%3Bhttp%253A%252F%252Fgodtiglasset.com%252Ftag%252Fivar-aasen%252F%3B250%3B286